mandag 1. februar 2010

Kvinners luktesans

Kvinners luktesans

Det luktar framandt på badet ! Ho kjenner att lukta. Det er Rakel!

Kvifor har Rakel vore her ?

På vårt private bad som ligg tett ved soverommet.

Ho nemner det for ektemannen straks ho ser han. ”Veit du at Rakel har vore på vårt bad ? Eg kjenner det på lukta. Det luktar Rakel i heile andre etasje!”

Mannen ser forundra på ho. Antan han latar som, eller så er han overrasska.

Det kan jo vera at det heile er uskuldig. Men kvifor ikkje gå på toalettet like ved utgangsdøra når ein endeleg må gå på andre sine toaletter.

Kvifor gå opp trappa til privaten ?

Ho skal spyrja barna i eit høve, om Rakel har vore innom den dagen.

Ektemannen virkar ikkje som om han tenkjer på dette lenger. Han er truleg ein god skodespelar.

Barna har ikkje sett Rakel på lenge. Ho går roleg til ektemannen og fortel at barna ikkje har sett Rakel på lenge. Mannen tykkjer dette byrjar å ligna ein overdrivelse. Det er innbildning og tøys, seier han. Di venninde Rakel, har ikkje vore her.

Ho byrjar no å tvila på seg sjølv.

Ho kjende lukta.

Kan det vera eit klesplagg som tilhøyrer Rakel, som av ein eller annan grunn har havna på badet ? Ho går og ser etter. Ingen framande klesplagg, og det luktar ikkje Rakel lenger.

Men det gjorde det faktisk før i dag, då ho kom att frå Oslo!

Måndagen etter må ho til Oslo igjen. På møte.

Straks ho kjem heimatt, spring ho opp på badet. Ingen framand lukt.

Heldigvis!

Ho går for å setja på kaffi, og merkar at ”flytande blå” tallerkane står i andre hylla og ikkje i tredje, som dei pleier. Så rart.

Barna veit kvar dei skal stå, og ektemannen er ikkje den som ryddar ut av oppvaskmaskina utan oppmoding. Om ho konsentrerar seg , er det faktisk mogleg å kjenna lukta av Rakel ! Berre svakt, men likevel tydeleg !

Lommer på dress, frakk og bukser blir endevendt.

Ho finn preventiver i hopetal. Greit, tenkjer ho; ”Då er eg viss”.

Innan kort tid, har ho ryngt advokaten sin og laga ein avtale for imorgon.

Leiligheten frå mor, må straks førast over på barna, slik at det ikkje kjem med i delinga mellom ektefellene. Når mannen er borte på dagtid, finn ho diverse papirer på heimekontoret hans. Desse lagar ho kopiar av. Dei kan koma godt med om han vert vanskeleg.

I smug, skiftar ho lås på hytta. Hytta står i hans namn, men det hjelper likevel.

Advokaten har råda henne til dette.

Så går ho til mannen sin og vil skiljast. Ho forlangar å overta huset, bilen og hytta. Attpå, vil ho ha eit stort barnebidrag, månadleg.

Han freistar å protestera og vil gjerne til både familieterapeut og psykolog.

Så viftar ho med papirene ho fann på heimekontoret hans og han gjer seg ganske raskt. Han nemner ikkje eingong leligheten etter hennar avdøde mor.

Han er utkasta.

1 kommentar:

  1. Her er flere bra elementer, som lukt og bilde; lukten av Rakel, de "blå flytande" tallerknene som har byttet plass, og sleip advokat. Enkelte elementer er mer uklare, slik at helheten kan bli litt broget. Noen spørsmål: burde avsløringen ventet til slutt? Var preventivene litt for tydelige? Kunne mors hevn vært mer etsende? Konsis slutt. Dette skriver Ulrik i sin kommende bok med gjendiktninger av Robert Graves: "Diktene er som regel korte og finslepne – på sitt skarpeste glimter de som sigder. Slik var Graves’ dikt alltid, på sitt beste og hvasseste: Det poetiske språket benyttes som et skarpslepent redskap, perfeksjonert gjennom bruk og tradisjon i uminnelige tider, enkelt og virkningsfullt – men når man ser dette språket i bevegelse, vil man stadig forundres over lyset som reflekteres i det, glimtene av en lyskilde som ligger utenfor både poeten og språket." Dette gjelder poesi, men kan kanskje si noe til prosaforfattere også. Marit Bjørgen tenker på en tiger når hun skal skjerpe seg. Jeg har begynt å tenke på en sigd. Hilsen Kirsti

    SvarSlett