onsdag 28. september 2011

Det luktar av haust

Me fyk nedover Europa i ein rask og fin bil.
Kvar gong eg køyrer bil og det er skumring, ser eg barndomsdalen. Eg køyrer mot grå himmel der myrke skyer ligg både høgt og lågt. Det er dei bratte vestlandsfjell. Det er fjellveggen som ligg attmed vatnet heima. Vatnet er stort og djupt og mellom vegg og vatn kryp der ein veg. Det er denne vegen eg køyrer no. Snart ser eg ljos på høgre side. Eg veit at eg køyrer midt i Europa og at ljosa tilhøyrer ein tysk landsby. Men det er barndomsgrenda eg ser. Klyngja med ljos oppe til høgre er oppigarden, så lenger nede er garden eg er frå, med eit lite opphald mellom hus og flor. Der er bærbuskar, veit eg. Tenk at eg er så nær heimen. Inni husa sit bestefar og bestemor med kveldsmaten. Så går bestefar inn i stova og set seg til å spela fela.
Eg kjenner lukten av epler. Eg høyrer det klirrar i mjølkebytter. Dyrene masar fornøyde frå floren. Så køyrer me forbi Gøttingen. Barndommen forsvinn.
Me fer forbi Køln og etter få timar er me i Frankriket. Ute er bekmyrkt.
Eg skimtar nabogrenda og høyrer hundane gøy i det eg går forbi ei kveldsstund.
Det luktar av haust.
I lutheranske land lyt ein fin dag betalast med ein dårleg dag. Er du rik på hus eller pengar, vil få fella tårer om du får kreft.
Har barnet ditt fødselsmerke over halve andlete, har du allereie betalt for dine komande gode dagar.
I folketonen ”Herr Peder”, forstår hovedpersonen at han må ofrast for at resten av mannskapet skal overleva. Stormen rasar midt ute på havet. Flasketuten peikar på Herr Peder, som innser sin skjebne. Herr Peder hoppar over bord og brått stilnar sjøen.
Slik er lutheranske land. Folk som bur der kan gjerne innbilla seg at dei er frie for relegiøse bindingar. Men formene består.
Landet er forma av lutheranisme.


Så får eg ein ide....
Me må ofra heimen.
Me må ofra det me har bygd opp saman.
Me må ofra garden som ligg så vidundarleg til ved havet.
Kvar gong me kjem dit, etter utanlandsopphald, set me på verandaen og kjenner sjølukta og ser utover. Vinden jagar bort skyene og me pustar inn heimkjensle. Landskapet me ser utover er ikkje av vår tid men eit uendeleg utsyn med havet rett ut.
Barna våre spring ned for å bada. Dei går lengst ut, der vatnet er kaldt og friskt.
Dette skal me ofra. Me skal selja våre barns barndomsdraum. Der me ein gong i framtida ville ta i mot barnebarn. Der me kvar sommar ( og vinter ) tok imot amerikanske elevar, som endeleg får litt fri for papirjag og normalt liv.
Så vil kanskje neste rettsinstans opptre meir humanistisk og rettferdig om me gjere dette offeret, kjem oss ut av landet og sel heimen.
Om det nokon gong blir ein ny rett. Berre 20 % av denne domstypen får ankesøknaden gjennom .....
Dette visste me ikkje.
Me visste ikkje att det var så liten sjanse for å få anka dommen.
Visste du ?
Heimlandet er for lite.
Mine besteforeldre er døde. Alt har si tid og småbruket ved sjøen skal gå over i nye hender.
Nye barn skal fryda seg over å byggja sandslott ved den vesle stranda og vassa over til ei lite øy der tjelden byggjer reir kvar vår og jagar alle som nærmar seg.
Eller dei kan gå langt utover svabergene slike våre barn har gjort, der bylgjene er litt store og litt farlige.
Nye mennesker skal sitja i glassverandaen og nyta utsikten, antan det er vinter, vår, sommar, eller det luktar av haust.





Får ein ikkje lov å flytta, og byta adresse til eit anna Europeisk land, så må ein vel kunna kallast flyktning ......
Samfunnet har jaga ut ein av sine borgara.
Den fyrste flyktning er sterk og dannar gjerne ei sekt.
Den einsame borgar har ei sekt å tilby dei komande flyktningar. . Det er hyggjeleg å bli akseptert og føla seg velkomen.
Stundom går samfunnet til krig mot dei utstøytte . Ikkje fordi sekta er farleg, men fordi menneskene ser annleis ut og oppfører seg annleis.
Dei avvik frå normalen. Sjølvsagt ! Dei er jo utstøytt frå normalen.
Angrepet frå samfunnet er eit rasistproblem. Rasisme blir utført med velsignelse frå staten. Men ein kallar ikkje handlinga rasisme før etter at ugjerninga har pågått ei tid.
Det er fyrst i ettertid begrepet rasisme blir bruka ....
I domsavsigelsen over min mann, 17 august 2011, står det at ” han solgte hus på Island”. Det er ikkje nemnd i same domsavsigelse at dette huset vart solgt i 2007, mange år etter årene det var sett spørsmålsteikn ved.
Korleis kan ein stola på den norske rett når ein vurderer eit menneske politisk ? Eit menneske som aldri har blanda seg inn i politikk, som aldri har vore medlem av noko politisk parti blir likevel dømt på politisk grunnlag.
Kva er det med min mann som får ein rettsinstans til å dikta opp kontoar og setja spørsmål om hussalg.
Å selgja hus er lov for andre, men ikkje for familien Nerdrum - Spildo.
Men så kan det også skje at eit menneske får vera i fred ....
Då er me i eit større land som innehar ein større kultur og ei sjølvkjensle basert på denne kulturen.
Rakrygga mennesker mobbar ikkje.
Heimlandet er for lite. Det var synd.
Eller ..... kanskje ikkje ?




Den vandrande jøde var og er eit oppegåande menneske.
Me køyrer vidare mot Paris etter nokre timars søvn i Lille. Vegen fører oss inn mot sentrum antan me vil eller ikkje. Me freistar å unngå å koma inn i sirkelen rundt Triumfbuen og surrar difor litt att og fram inni smågater.
To mennesker med korketrekkere langs ansiktet og stor svart hatt på hovudet, står ved eit hjørna. Dei unge mennene møter oss med venleik og viser oss veg.
Dei peikar begge i same retning og forklarar.
Så går dei inn i synagogen saman.
Timane fer fort avgarde når ein leitar etter heimen. Det skumrar allereie men no nærmar me oss iallefall!
Der ser eg bestemor stå i vindauga. Ho har sett oss og no vinkar ho.


Odd Nerdrum:
” Når den fremmede banker på: Den dumme jager ham på dør.
Den frekke ber ham vaske tallerkner.
Men den smarte ber ham inn til sitt aftensbord for å høre nytt om verden.”

mandag 19. september 2011