søndag 28. februar 2010

11 år

Dei to jentene skal bu på stølen åleina. Ei er myrk, langbeint og blyg. Ho teier om tankar og krøkjer nakken for å bli lågare. Ho er flatbrysta og.
Den andre er ljos, meir pågåande og eldre på mange måtar, bortsett frå i fornuft og alder. Ho er nesten eitt år yngre, men utstrålar ein erfaring som ikkje høyrer heima i ein så ung kropp.
Stølen er familieeige. Storebror til den myrke langbeinte jenta, har eit ærend på fjellet. Han køyrer traktor og dei får sitja på. Jentene har med seg suppeposar og gotteri for 2 dagar. Begge er yngst i familien. Det var difor ikkje vanskeleg å få lov. Begge foreldrepar tykkjer det er befriande å vera utan barn ei kort stund. Særleg mødrene tykkjer det er godt å vera åleina . Hadde desse mødrene og fedrene visst kva som kom til å henda på stølsturen, ville dei ha knuga døtrene sine inntil seg og sagt nei, til spørsmålet om lov å fara til fjells. Jentene reisste , og mødrene satte seg på verandaen med bok eller blad og kaffi. Fedrene var opptekne med arbeid. Me kan ikkje klandra desse. Dei har alle gjort eit arbeid med sine yngste barn i 11 år. Mødrene har bore dei fram, fødd dei og oppdratt dei. Fedrene har trøsta dei når dei slo seg på skinnleggen eller vart erta av venninder. Det er sommarsdagen, men regntungt. Traktoren har ei lita skuffe, plass til to jenter, sekker og ein hund. Hunden sit på fanget til den myrke, blyge. Bakkane er bratte og traktoren sig oppover. Turen tek omlag ein time. Vel framkomen, ser dei straks to gravemaskiner som arbeider på naboens hyttetomt. Ein mann i kvar maskin.
Storebror snakkar med dei, og dreg så for å gjera det han skal, antakeleg sjå etter nysleppte kyr, at alt er vel. Storebror er 7 år eldre og skal truleg på fest etterpå. Det er fredag. Hadde han vore eldre, hadde han kanskje sett faren som nærma seg. To jenter åleina og to menn på kvar sin gravemaskin , langt inne på fjellet. Her er ikkje fleire folk. Det kan sjølvsagt koma, men været er dårleg. Folk som hadde tenkt på ein stølstur, vil utsetja på grunn av været. Storebror kunne kanskje forstått, utifrå små men tydelege signaler. Då gravemaskinskarane kakka på døra og spurde om å få laga kaffi, var han enno ikkje reist. Dei to jentene kokte opp vatn til pulverkaffien. Ein av mennene spør om det finns pornoblader i dette huset. Jentene svarar litt forvirra , men lydig nei. Dei trur ikkje det finns ...
Storebror er på veg ut, han helsar farvel. Inni stølshuset er karane ferdig med kaffien. Dei seier dei vil arbeida litt til før dei tek helg. Jentene ryddar , og finn så ut at dei vil gå ein liten tur med hunden. Pan spring føre og så attende for å sjå til folkjet sitt, og spring føre att. Dei vil berre gå ein kort tur langs elva. Begge gler seg til fruktsuppa, som dei tenkjer å laga når dei kjem heimatt. Stølen har propan til matlagning, vedomn, og talgaljos og lykter. Ikkje innlagd vatn. Dei går langs elva oppover og Pan spring føre. Den vesle hunden vel brått å gå på ein tjukk stokk som er som ei bru. Under stokken brusar fossen. Han er fort over og jentene vil lokka han attende. Han forstår kva dei meinar, men han torer ikkje. Kanskje var stokken glatt ? Dei er no på kvar si side av ei frådande elv. Jentene lokkar og lokkar men det nyttar ikkje. Pan viser tydeleg at han ikkje vil.
Greit, då må me fara til han, seier den myrke og blyge, som eig hunden. Dei set seg overskrevs på stokken og akar seg framover. Hundeeigaren fyrst og hi etter. Så er dei over. Det var ikkje vanskeleg. Dei må no freista å finna ei skikkeleg bru for å koma seg heimatt. Den myrke og blyge kjenner området etter mange sommara saman med familien. Ho meinar at det skal vera ei bru lenger oppe. Dei fylgjer elva oppover.
Stien, som går til Fagnastøl, er lenger oppi liane, men fordi dei leitar etter bru, vert buskas og ormagras føretrekkt, for å lettare kunna sjå . Pan spring lukkeleg føre. Jentene går og går. Dei kjenner at svolten koma. Så ser dei brua, men ho er øydelagd og ligg halvt nedi elva som renn stor og brusande heile vegen. Det er tidleg sommar og snjosmelting i fjellet. Om seinsommaren kan ein hoppa på steinar over. Ikkje no.
Dei har gått i omlag ein time og skal måtta gå i fire timar til. Heilt til Fagnastøl. Der er det bru. Over med seg, og så er det langt heim, men heldigvis sti og nedoverbakke! Det er myrkt no, men augene har vent seg til det.
Kva om turen hadde vore på fem minutt som planlagt og ikkje fem timar ? Ville det skjedd noko frykteleg ? Ville dei kanskje blitt drept etter ugjerninga ? Og berre opplevd 11 år, og der var det slutt.
Dei er på stølen omkring midnatt, våte inntil skinnet og trøytte. Gravemaskinene er borte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar