onsdag 2. mai 2012

20 År





I tidlause dagar  opplevde dei  soloppgangen saman.
Den fyrste soloppgang i vår tids historie.
Det fantes berre dei.
Det unge paret levde lukkeleg og innestengd. Dei såg ikkje uviljen som vaks utforbi huset. Som bergflette oppover ein murvegg, spreidde det seg.
Det var nokon der ute , utanfor det lukkelege huset.
Dei små dyrene er farlegast. 
Mellom mennesker er det ikkje flått ein skal  vera redd for men ein skal verna om sitt  rykte.
Vårt rykte som me ber med oss og  som andre mennesker skal høyra, vurdera og døma. Om morgonen, når me  kikkar inn i spegelen, kanskje  skulle me ofra nokre minuttar på vårt omdøme. Men det er så fort å gløyma .... og lata andre ta hand om dette viktige i eige liv .....
Berre dei to lukkelege visste ingenting og forsto ingenting og levde berre draumen.

*

Fyrste møte var mellom fjord og fjell ein maidag for mange mange år sidan.
Han sto på andre sida av rommet...
Dei såg på einannan. Dei oppdaga kvarandre samstundes.
Dei snakka dei litt....
Folk kom i mellom og dei vart begge forstyrra av andre mennesker.
Dei  miste kvarandre og møttes ikkje att før etter  lang lang tid.
Utpå vinteren fekk ho helsingar frå den framande..
Den lange vinteren var på hell og lokka med vår.

*

Budbringaren var jo der den maidagen, og såg det som skjedde. Han  kjente  dei og inviterte dei saman.
Dagane var atter lange og baud på von.
  Budbringaren hadde arrangert alt, men ei  trollkvinne fekk nyss om dei to.
Trollkvinna galdra stengsler og hindra ho i å delta i dette samværet.
Ho vart sakna av fleire.
Budbringaren kjente ansvar for kjærleikssagaen som skulle koma.
Han fann ho langt oppi fjellheimen og tok ho med. Ho vart ført inn i stova til trollkvinna , som  fortalde  at den store kvite mannen  gjekk i kvinneklede og at folk såg etter han på gata. Ho forsatte med slike forteljingar. Men no var auger og øyrer stengd for trolldom. Det var dette begge hadde venta på etter det altfor korte møtet for eitt år sidan.  Ho og den store kvite bjørnen samtalte i fleire timar.
Trollet var nedkjempa.
 For ei tid.
Selskapet talde fem mennesker. Han ... ho..... budbringaren. ... trollkvinna og ein regissør.
Regissøren var ikkje så stor og flott som Kvitebjørn, men han hadde sjarm. Han kom med frukost på senga.
Oppvarma tynne brødskiver med smør og appelsinmarmelade.
Han serverte komplimenter .... og urtete...
Det var andre dag i selskapet. Dei hadde ete frukost. Det var enno for tidleg med vin.
Dei heldt til på ein fjellgard , langt frå folk og langt langt frå tida.
Så gjekk dei tur. Han, ho ...  og regissøren.
Ho sprang føre som ei geit. Regissøren  bykste framover og gjorde seg  om til ein geitebukk.
Kvitebjørn kong Valemon labba etter i tung og våt frakk og svære støvlar.
Han såg saka si tapt og vende om.
Geitene bykste lett frå stein til stein oppover den bratte lia.
Bjørnen rusla heimover.
Trollkvinna sto på trappa og tok i mot. ”Så synd”, sa ho, rista på hovudet  og smilte.
Men det var den store bjørnen kongsdottera ville ha og ikkje ein knoklete geitebukk.

*

Kvelden låg føre dei med vin og historiar. Dei  var fire mennesker att. Budbringaren måtte vidare.  Andre oppdrag venta. No fekk dei klara seg sjølv, meinte han.
Tredje morgon kom den lure bukken med frukost på senga igjen. Han la seg  attmed ho i den smale bondesenga. Han spurte  om ho kunne koma til å elska ein godt vaksen mann. Ho tenkte på Kvitebjørn kong Valemon og svara at  ja, det kunne nok tenkjast.
Så sovna ho og høyrde han snakka  langt langt borte.
Seinare på dagen var dei på køyretur til bygda for å handla mat. På vegen heim stoppa dei ved ei kyrkja, som låg i ein sving så brå at det nærmast var ein invitasjon til å køyra seg i hjel, om ein ikkje kjende området.
Gudshuset var fattigsleg og kaldt innreidd, men eigde ei vidkjend altertavla og eit barokkorgel. Ho spela for dei og fortalde frå livet i den vesle bygda som romma to butikkar og ein kafe som var open frå mai til september.
No var det april. 
Bygda var vakker men menneskene  var i dvale.
 Einsemda verka tyngjande på bydyra.
Regissøren gjekk ut for å sjå på gravstøttene.
Dei to var att.
Kongsdottera steig ned frå orgelkrakken og dei møttest i skipet.
Sola kom som eit sverd inn vindauga.
  gjekk dei saman  til alteret. Han tok  handa  hennar og førte ho bort til døypefonten. Det blenkte i den gylne skåla.
Så fridde han. Gift deg med meg sa han.
Sola gjekk ned bak åsen og det myrkna brått.
Ute var fargane skifta frå gyllent til blått.
Dei tre handla på den eine butikken som var open og drog så attende til fjellgarden.
Trollkvinna sto myrk i døra.

*

Så var det farvel. Beilarane skulle heimatt til hovedstaden.
 Dei tre skulle møtast i Oslo om nokre veker.
Ho tok tog gjennom sommarnatta over fjellet. Tidleg, tidleg gjekk ho oppover tomme gater, gjennom slottsparken og vidare opp tronge smug  og fann stova til Kvitbjørn kong Valemon. Ho kraup oppi senga og la seg under fellen tett inntil bjørnen. Så opplevde dei soloppgangen saman, halvt sovande.
Dagane gjekk og ho gløymde bukken.
Dei såg film og teater. Dei sat på kafear og dei smaug seg forbi museumsvakter utan bilett.
Sommaren var varm og uforgløymeleg.
Under Ibsen statuen, ved byens teater, sto dei tett omslynga  då regissøren kom.
Dei såg han ikkje.
Han gøymde seg bak eit tre.
Ved neste omfavnelse smaug han seg bort og dei møttes aldri att. Kvitebjørn og kongsdottera gjekk  heimover som  eitt menneske.
 Så laga dei sitt fyrste barn.

*

Dei var enno i kjærleikens fyrste dagar.
Kongsdottera og Kong Valemon hadde gløymd trollkjerringa.
Men trollkjerringa gløymde ikkje. Det var ho som hadde ansvaret for utdeling av gode og dårlege rykter.
Etter mange, mange år og mange mange barn, låg der brått eit nyfødd barn ved trappeoppgangen til kjærleikens hus.
Innunder teppene som var tulla rundt barnet, fann dei eit brev.
Trollkjerringa hadde sent dei eit barn til oppfostring. Eit trollbarn.
Dei hadde berre hatt 20 år saman  og var framleis i kjærleikens fyrste dagar ..... og no med eit lite barn å ta hand om.
Eit gløymd barn.

*

Barnet skal heita Omdøme.
Omdøme skal få kjærleik og omsorg og det skal springa henrykt til mor og far`s opne armar og kjærlege favn.
........ i mange, mange år framover.




1 kommentar:

  1. Vakkert!
    Dette skal jeg tenke på og lese om og om igjen .

    SvarSlett