I tidlause dagar opplevde dei
soloppgangen saman.
Den fyrste soloppgang i vår tids historie.
Det fantes berre dei.
Det unge paret levde lukkeleg og
innestengd. Dei såg ikkje uviljen som vaks utforbi huset. Som bergflette
oppover ein murvegg, spreidde det seg.
Det var nokon der ute , utanfor det
lukkelege huset.
Dei små dyrene er farlegast.
Mellom mennesker er det ikkje flått ein
skal vera redd for men ein skal
verna om sitt rykte.
Vårt rykte som me ber med oss og som andre mennesker skal høyra, vurdera
og døma. Om morgonen, når me
kikkar inn i spegelen, kanskje
skulle me ofra nokre minuttar på vårt omdøme. Men det er så fort å
gløyma .... og lata andre ta hand om dette viktige i eige liv .....
Berre dei to lukkelege visste ingenting og
forsto ingenting og levde berre draumen.
*
Fyrste møte var mellom fjord og fjell ein
maidag for mange mange år sidan.
Han sto på andre sida av rommet...
Dei såg på einannan. Dei oppdaga kvarandre
samstundes.
Dei snakka dei litt....
Folk kom i mellom og dei vart begge
forstyrra av andre mennesker.
Dei
miste kvarandre og møttes ikkje att før etter lang lang tid.
Utpå vinteren fekk ho helsingar frå den
framande..
Den lange vinteren var på hell og lokka
med vår.
*
Budbringaren var jo der den maidagen, og
såg det som skjedde. Han
kjente dei og inviterte dei
saman.
Dagane var atter lange og baud på von.
Budbringaren hadde arrangert alt, men ei trollkvinne fekk nyss om dei to.
Trollkvinna galdra stengsler og hindra ho
i å delta i dette samværet.
Ho vart sakna av fleire.
Budbringaren kjente ansvar for
kjærleikssagaen som skulle koma.
Han fann ho langt oppi fjellheimen og tok
ho med. Ho vart ført inn i stova til trollkvinna , som fortalde at den store kvite mannen gjekk i kvinneklede og at folk såg etter han på gata. Ho
forsatte med slike forteljingar. Men no var auger og øyrer stengd for trolldom.
Det var dette begge hadde venta på etter det altfor korte møtet for eitt år
sidan. Ho og den store kvite bjørnen
samtalte i fleire timar.
Trollet var nedkjempa.
For ei tid.
Selskapet talde fem mennesker. Han ...
ho..... budbringaren. ... trollkvinna og ein regissør.
Regissøren var ikkje så stor og flott som
Kvitebjørn, men han hadde sjarm. Han kom med frukost på senga.
Oppvarma tynne brødskiver med smør og
appelsinmarmelade.
Han serverte komplimenter .... og
urtete...
Det var andre dag i selskapet. Dei hadde
ete frukost. Det var enno for tidleg med vin.
Dei heldt til på ein fjellgard , langt frå
folk og langt langt frå tida.
Så gjekk dei tur. Han, ho ... og regissøren.
Ho sprang føre som ei geit.
Regissøren bykste framover og
gjorde seg om til ein geitebukk.
Kvitebjørn kong Valemon labba etter i tung
og våt frakk og svære støvlar.
Han såg saka si tapt og vende om.
Geitene bykste lett frå stein til stein
oppover den bratte lia.
Bjørnen rusla heimover.
Trollkvinna sto på trappa og tok i mot.
”Så synd”, sa ho, rista på hovudet
og smilte.
Men det var den store bjørnen kongsdottera
ville ha og ikkje ein knoklete geitebukk.
*
Kvelden låg føre dei med vin og historiar.
Dei var fire mennesker att.
Budbringaren måtte vidare. Andre
oppdrag venta. No fekk dei klara seg sjølv, meinte han.
Tredje morgon kom den lure bukken med
frukost på senga igjen. Han la seg
attmed ho i den smale bondesenga. Han spurte om ho kunne koma til å elska ein godt vaksen mann. Ho tenkte
på Kvitebjørn kong Valemon og svara at
ja, det kunne nok tenkjast.
Så sovna ho og høyrde han snakka langt langt borte.
Seinare på dagen var dei på køyretur til
bygda for å handla mat. På vegen heim stoppa dei ved ei kyrkja, som låg i ein
sving så brå at det nærmast var ein invitasjon til å køyra seg i hjel, om ein
ikkje kjende området.
Gudshuset var fattigsleg og kaldt
innreidd, men eigde ei vidkjend altertavla og eit barokkorgel. Ho spela for dei
og fortalde frå livet i den vesle bygda som romma to butikkar og ein kafe som
var open frå mai til september.
No var det april.
Bygda var vakker men menneskene var i dvale.
Einsemda verka tyngjande på bydyra.
Regissøren gjekk ut for å sjå på
gravstøttene.
Dei to var att.
Dei to var att.
Kongsdottera steig ned frå orgelkrakken
og dei møttest i skipet.
Sola kom som eit sverd inn vindauga.
Så gjekk dei saman
til alteret. Han tok
handa hennar og førte ho
bort til døypefonten. Det blenkte i den gylne skåla.
Så fridde han. Gift deg med meg sa han.
Sola gjekk ned bak åsen og det myrkna
brått.
Ute var fargane skifta frå gyllent til
blått.
Dei tre handla på den eine butikken som
var open og drog så attende til fjellgarden.
Trollkvinna sto myrk i døra.
*
Så var det farvel. Beilarane skulle
heimatt til hovedstaden.
Dei tre skulle møtast i Oslo om nokre veker.
Dei tre skulle møtast i Oslo om nokre veker.
Ho tok tog gjennom sommarnatta over
fjellet. Tidleg, tidleg gjekk ho oppover tomme gater, gjennom slottsparken og
vidare opp tronge smug og fann
stova til Kvitbjørn kong Valemon. Ho kraup oppi senga og la seg under fellen
tett inntil bjørnen. Så opplevde dei soloppgangen saman, halvt sovande.
Dagane gjekk og ho gløymde bukken.
Dei såg film og teater. Dei sat på kafear
og dei smaug seg forbi museumsvakter utan bilett.
Sommaren var varm og uforgløymeleg.
Under Ibsen statuen, ved byens teater, sto
dei tett omslynga då regissøren
kom.
Dei såg han ikkje.
Han gøymde seg bak eit tre.
Ved neste omfavnelse smaug han seg bort og
dei møttes aldri att. Kvitebjørn og kongsdottera gjekk heimover som eitt menneske.
Så laga dei sitt fyrste barn.
*
Dei var enno i kjærleikens fyrste dagar.
Kongsdottera og Kong Valemon hadde gløymd
trollkjerringa.
Men trollkjerringa gløymde ikkje. Det var
ho som hadde ansvaret for utdeling av gode og dårlege rykter.
Etter mange, mange år og mange mange barn,
låg der brått eit nyfødd barn ved trappeoppgangen til kjærleikens hus.
Innunder teppene som var tulla rundt
barnet, fann dei eit brev.
Trollkjerringa hadde sent dei eit barn til
oppfostring. Eit trollbarn.
Dei hadde berre hatt 20 år saman og var framleis i kjærleikens fyrste
dagar ..... og no med eit lite barn å ta hand om.
Eit gløymd barn.
*
Barnet skal heita Omdøme.
Omdøme skal få kjærleik og omsorg og
det skal springa henrykt til mor og far`s opne armar og kjærlege favn.
........ i mange, mange år framover.