onsdag 17. august 2011

Krigsrapport 16.8 2011



Eg flassar. Små filler losnar frå huden omkring munnen og nedover halsen. Kva kan det vera denne gongen. Sist eg flassa, var det nokre økonomiske rådgjevara som skremte meg. Dei gjorde meg berre meir forvirra, gav dårlege råd og sente rekning etterpå.
Dette er eit par år sidan. Me skulle kjøpa hus i eit utland me ikkje kjende. Me strevar framleis med den komliserte strukturen dei fann på. Etter store rekningar og slengjara av smårekningar vart me kvitt snyltarane og eg slutta å flassa.
No flassar eg att!
Kan det vera at eg skiftar ham, likeins med slangen ? Eg er i midten av 40-åra, i den såkalla menopausen. Det skal visst skje endringar. I tillegg er det midt av mars.
Menopause og mars. To store endringar.
I gårkveld tok eg eit glas vin i baren og såg over papirene. Så gjekk eg på rommet til ein heller tidleg kveld.
Eg ligg halvvaken og kikkar rundt meg og registrerar at eg ikkje er i heimen.
Telefonen ringjer.
Mann min har høyrt på morgon-nyhende i gamle Noreg.
Radioen seier at 14 millionar og 50 øre er borte vekk. Skattemyndighetene finn ikkje pengane. Rettssak om 4 månader.
Eg er glad plateinnspelinga i forrige veka ikkje vart forstyrra av slike sjokk.
No skal eg på møte med regnskapsfører. Tankane mine kretsar om tal. Så er det heimatt med fly etterpå.
Vel heima, skal me saman med advokaten finna ut av dette.
Me visste frå før av at depositumet var greit. ( Aktor`s fantasier om tilbakebetalingen kom som ein overrasskelse under rettssaken . )
Men nei.
Dei vil ikkje ha samtalar.
Dei vil ha forestilling.
Har eit samfunn for mykje brød og tyrefekting og hanekamp er blitt forbode, ja så forlangar samfunnet ein forestilling med mennesker i manesjen.
Individualisten skal jagast ned psykisk.
No er det tid for middelaldrande menn. Greit.
Men attende til dei resterande 14 millionane. Me spør advokaten. Han snakkar det bort.
Me prøver å forstå det tjukke manuskriptet frå politiet men gjer opp. Me kikkar på dei siste sidene og prøver atter å forstå , men nei. Det går ikkje.
To advokatar arbeider for oss.
Eg og den eine dreg til Island saman. På jakt.
Me har møte med regnskapsførar som lovar å senda papirene innan 10 dagar. Det er knapt 5 veker til rettsak. Eg har i oppdrag frå tiltalte å få greie på kvar i regnskapet det manglande beløpet er, eller skulle ha vore.
I ettertid har me forstått at vår advokat trudde meir på påtalemyndighetene enn på oss.
Kanskje trudde han at skatteytar putta millionane i lomma og drog på nattklubb medan eg sat heima med 4 små barn. Advokaten vil sjølvsagt spara meg for denne viten så lenge som mogleg.
Eg er jomfru Maria som er gift med døden. Trur advokaten. Jomfruer må sparast. Eg får ingen opplysningar ut av han.
Ti dagar går. Islendingar flest salar den eine dagen og rir den andre. Om dei då ikkje har fanden etter seg. Og det har dei ikkje. Det er det me som har !
Me er i panikk og nærmast telefon terroriserar advokatane. No vil me vita !
Så kjem det.
Fleire sjekkar vart tekne ut i ein norsk bank men dei er ikkje oppnemnd til beskatning.
”Når?” spør me.
Advokaten treng litt tid på å undersøkja dette.
Går det an ? Sjølv seint på 90 talet tok ein ikkje ut så store beløp i kontantar i ein norsk bank.
Min mann undrar seg om han har vore ein Mr. Hide utan å vita det. Men han er viss på at alt vart satt inn på konto.
Same kveld trakkar skatteytar på hunden i det han kryssar kjøkkengolvet. Hunden var komen mellom kjortelen og føtene i von om at det skulle detta ned ein matbit.
Kossette skrik. Eg skrik fordi hunden skrik.
Me står alle å stirrar skrekkslagne på kvarandre.
Neste morgon dreg me til New York.
Det er juni og fyrste året utan sankthans bål.
Vår 14 år gamle tradisjon er broten.
Den årlege work shopen i New York dagen før midtsommar gjere det umogleg å koma heim att i tide. Den yngste av barna er sikker på at me aldri nokon gong kjem til å feira sankthans igjen.
To reisedagar og to work shop dagar i byen over alle byar. Heile tida svevar 14 millionar som sommarfulgar føre augene på begge to.
Vel heima, får me greie på datoane då sjekkane var registrert.
Me går i våre papirer og finn beløpene att på kontoutskrifer. Alt er der. Sender det så til begge advokatane med beskjed om at pengar som går inn på konto i ein norsk bank, automatisk blir innrapportert og registrert som inntekt av både regnskapsfører og skattevesen.
Pang!
Manglande beløp funnet.
Funnet ??
Dei har aldri mangla!
Kvifor plussa skattevesenet og politi på desse beløpene ?
Me lever i ei tid der alt er ope. Ein kvar kan skriva det han eller ho vil. Blogg eller heimesida. Det er endåtil gratis.
Men det er vanskeleg å få ut artiklar i aviser.
Dette veit ikkje dei unge om , fordi det i deira liv alltid har vore slik.
Men den som er i midten av 40 åra eller meir, har opplevd at det ein gong var lett å få ein kronikk på trykk i ein stor avis, berre det var intellegent skrive.
Bøker er mest umogleg å få ut no, om det ikkje er om krim eller mat.
Men ordet er fritt ....
Eg kan blogga .....
Så kan bloggen min bli stengd. Heimesida også.
Og facebook profilen ....
Då finnes eg ikkje lenger.
Kanskje du ikkje finn bloggen min neste gong du prøver. ....


Rettssaken er lagt til 2 august. Det er framleis rettsferie og fellesferie for dei fleste.
Oslo og Noreg er 10 dagar før rettsaken blitt angrepne. Det var eit politisk angrep som tok livet av ca. 80 mennesker. Landet er i opprør.
Dei øverste myndigheter gjer ordre om demokrati og åpenhet.
Men mange veit at no gjeld det å teia.
Det er stille i gatene denne morgonen. Men journalistane treng nytt stoff og står klar ved tinghuset.
Tiltalte skal sei sitt fulle namn og inntekt forrige år.
Aktor og forsvarar grillar tiltalte kvar sin gong.
Dei same tala kjem om att og om att, som ein karusell.
450 000 dollar set oppå ein hest medan 325 000 dollar blir dradd omkring av delfinen. Karusellen går heile dagen.
Vitner kjem inn og går ut.
Dommaren vil ha ein pause, karusellen stoppar ein augneblink.
Aktor, med sin percing på venstre augnabryn , let seg intervjua og fotografera i lunsjpausen.
Så er det på igjen.
Journalistane set på putebelagte benkjer på fremste rad, med PC-en på fanget. Dei skriv ein artikkel som står på trykk i same stund.
Neste dag er det stille på trappa opp til tinghuset. Hundane har fått maten sin.
Eg set meg bakerst i lokalet på den harde kyrkjebenken ( utan puter ) , saman med sønene våre.
Siktede lagar skisser.
Fleire gode idear blir nedteikna medan karusellen går rundt og rundt.
Den gongen beskjeden om det fyrste øydelagde bilde kom, vart skatteyter uroleg ,slik ein føler uro når ein høyrer innbrotstjuven i fyrste etasje er på veg opp trappa. Men når beskjeden om andre og tredje bilde kom, så la han seg rett ned og vart verande i senga i tre heile dagar. Han låg der og forsto at 10 års produksjon ville gå tapt, sakte men sikkert. Han låg der og forsto årsaken. Mastixen , som han og elevane hadde eksprimentert med, var ikkje god.
Sian, fann han ut at mastixen antakeleg var frå unge trær og ikkje frå gamle trær slik det alltid var før .... Dermed set dette stoffet i gang ein smeltningsprosess ...
Då tiltalte sto opp tredje dagen, hadde han bestemt seg for å mala alle bildene frå dette ti-året omatt. Utan mastix sjølvsagt. Eg ser for meg at han kasta all mastixen i søppelet den kvelden. Eg minnest ein elev nokre år seinare var nysjerrig på denne oljeblandinga. Odd bleikna og sa til han at det skulle han aldri meir spyrja om og heller aldri meir tenkja på.
Utgangspunktet for skattevesenets interresse for oss, var at ein del bilder fantes det 2 utgåver av.
Dette vesenet, som skal vera borgaranes hjelpara , trudde at Odd hadde malt bilder omatt for å tjena pengar. Dei trudde han var ein slaur.
Me går attende til karusellen.
Hesten passerar med sine tal, stundom i dollar, stundom i kroner.
Så kjem delfinen med talet 325 000 dollar på sin rygg.
Dette beløpet meinar aktor har vore langt ned i europa på si ferd, i ein ulovleg bank. Delfinen skammar seg.
Delfinen`s besøk i Luxenburg var eit ulovleg besøk, hevdar aktor.
Dommaren sin replikk om at banken var islandsk, må aktor akseptera.
Likevel dreg aktor Luxenburg fram gong på gong.
Luxenburg er no med på karusellen og set på ein gris som er rund og blid.
Og så har me bankboksen. Bankboksen, bankboksen.
Karusellen går rundt og rundt. Bankboksen set på fanget til ein sjørøvar som gliser.
Så kjem det fram eit tørt lite menneske frå skattekontoret. Ho fortel om spørsmål som vart sent til skatteytar for mange, mange år sidan. Dei fekk svar, men sente likevel ut fleire spørsmål.
Dette kan minna om kongen som ville gje bort prinsessa og halve kongeriket til han som greidde å henta vatn ved verda`s ende. Men straks guten greidde prøven, så laga kongen nye oppgåver.
Så kjem der inn ein spesialrevisor. Han har antakeleg bruka eit halvt årsverk på si gransking av tiltaltes bedrifter i det skumle utland.
Han virkar som han er imponert over tala som karusellen presenterar. Kanskje han er ein elskar av maleriet. Kanskje kjøper han bilder i smug ...
Han snakkar lenge. Men då han tilsist seier at han ingen uregelmessigheter fann, bryt aktor inn og vil ha pause.
Vitner kjem og fortel om bilder frå ein 10 års periode som rant ned og vart øydelagde. Eigara forlangte erstatning antan i form av bilder eller pengar. I eit lite land med dårlige ordningar for slike problemer, må arbeidsgjevar frå eit større land trå til.
Depositum er løysninga.
Aktor held sin lange avslutningstale og foreslår 2 års fengsel.
Me går 4 månadar tilbake i tid:

Veka etter dei 14 millionene og 50 ørene var på morgon nyhende i gamle Noreg, fekk barna våre oppleva lange blikk og direkte spørsmål.
Vårt eine barn sa til sin klassekamerat;
” Nei, det stemmer ikke. Det er de som skylder oss penger”.
I desember i fjor, kom ein svær rekning frå skattevesenet som måtte betalast innan 10 dagar. Hadde me ikkje betalt, ville dei teke pant i eigedom og i tillegg talt 9 % renter.
Så viste det seg i ettertid at millionene var ”funnet” og innrapportert til skattevesenet og betalt skatt for.
Det er altså staten som skuldar oss pengar .....
Me har betalt dobbel skatt, det vil seia , me har betalt 100 % skatt for eit svært høgt beløp. ........


Vert det som aktor vil , kan tiltalte aldri meir fara til USA for å undervisa og halda work shops. Maryland Institute College of Art ( MICA ).... The Pennsylvania Academy of the Fine Arts ( PAFA ) ... New York academy of Art .... USA nektar alle tidlegare straffdømte adgang til sitt land.
Så blir det kanskje Sankthans feiring til neste år likevel.
Men det blir aldri som før.




1 kommentar:

  1. Du skriver utrolig flott! Veldig fint å se det fra den andre siden :-)
    Er det noe man virkelig ikke bør kaste bort kreftene på, så er det å gå i hornene med det sosialdemokratiske skattebyråkratiet.
    Men hallo, det er jo bare penger ;-)
    Lykke til videre.

    SvarSlett