lørdag 24. april 2010

Don Juan

Don Juan er ikkje vakker.
Eg var over 40 år då eg gjorde denne oppdaginga.
Don Juan kom svingande inn porten med store krav og svær appetitt.
Han fornærma vertsskapet straks. Deretter tok han for seg av husets døtre.
I skjul.
Han var pågåande og lo mykje og av det meste. Døtrene vart smigra.
Dei lagde mat til han, tok han med omkring og viste han godset og barokkhagen.
Og så dei gamle, innhulte trea som ein kunne bli borte i for ei kort stund. Don Juan kvitterte med smiger og underhaldning. Han klødde dei på ryggen, roste arbeidet deira og fylgde til døra om kvelden.
Han såg seg ut den eldste.
Don Juan var varsam og gjekk ikkje for langt. Ikkje før han forsto at ho hang på kroken. Så tok han for seg. Den eldste var fortapt i den uskjønne og dyriske Don Juan, som ho serverte frukost, lunsj og middag. Han gjekk omkring i bar overkropp. Han kunne vinka ho til seg og ho var der på ein augneblink.
Etter kort tid kom ei vending. Ho måtte gje han ekstra gode måltider for at han skulle koma til ho på kvelden.
Han var eine dagen full av kjærteikn og omsut.
Om kvelden låg ho å venta, men han kom ikkje.
Så kunne det vera ein dag han hadde skjelt ho ut , endåtil medan andre høyrde på. Men så kom han luskande i skumringa og ville inn. Som om alt var berre vel. Han sat utanfor døra hennar og terroriserte med banking og snakking; lat opp, lat meg inn .... pus pus ....
Sjarmøren var no meir interressert i systera. Han måtte vidare tykte han.
Den eldste ser det. Ho ser at blikket hans stadig fell på vetlesyster.
No ser ho han slik han er.
Don Juan er borte og slusken står att.
Ho fell saman og ligg som ein sveltekunstnar i senga si og nektar å stå opp.
Foreldra finn det best å senda jenta til onkel for ei tid.
Så er vegar og vindauger åpne.
Ulven luskar glad og lett omkring dotter nummer to. Han fylgjer ho til døra om kvelden. Ho ser han vandra mellom buksbom og roserabattar og vinkar frå tårnrommet.
Fyrst nokre dagar med pusing og kurring før det endrar karakter og Don Juan blir ein løve som jagar løvinnen avstad for å finna mat. Løven knurrar i krokane.
Han er tynn og lang og sint.
Jenta tilber dette monsteret og går på tå omkring. Den lystige jenta blir sur og nervøs utan at nokon forstår kva som skjer.
Kven kan vel tru at dette vinnande vesen av ein Don Juan er den som plukkar fjøra og ribbar yngstejenta for stolthet og glede. Dette prakteksemplaret av ein mann. Han bedårer alle gamle og halvgamle tanter. Han rapporterer til husfrua kvar dag om det som skjer omkring.
Han fortel med anna at dei andre på godset er slemme mot han. Dette tykkjer husfrua er svært leit. Ho har fleire gonger teke det opp på kveldsmøter.
Nokre har ho måtta senda heimatt. Mykje truleg var dei sjalu på ynglingen. Det er splittelse og splid mellom folk på godset. Unge som gamle er nervøse og det blir gjort lite.
Så ein dag kjem eit nytt menneske inn på plassen.
Ho smiler og ler og vinn alle. Don Juan er fortapt.
Ho heiter Carmensita og kastar sine auger på husbonden.
Så er det tid for jakt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar