søndag 25. april 2010
lørdag 24. april 2010
Don Juan
Don Juan er ikkje vakker.
Eg var over 40 år då eg gjorde denne oppdaginga.
Don Juan kom svingande inn porten med store krav og svær appetitt.
Han fornærma vertsskapet straks. Deretter tok han for seg av husets døtre.
I skjul.
Han var pågåande og lo mykje og av det meste. Døtrene vart smigra.
Dei lagde mat til han, tok han med omkring og viste han godset og barokkhagen.
Og så dei gamle, innhulte trea som ein kunne bli borte i for ei kort stund. Don Juan kvitterte med smiger og underhaldning. Han klødde dei på ryggen, roste arbeidet deira og fylgde til døra om kvelden.
Han såg seg ut den eldste.
Don Juan var varsam og gjekk ikkje for langt. Ikkje før han forsto at ho hang på kroken. Så tok han for seg. Den eldste var fortapt i den uskjønne og dyriske Don Juan, som ho serverte frukost, lunsj og middag. Han gjekk omkring i bar overkropp. Han kunne vinka ho til seg og ho var der på ein augneblink.
Etter kort tid kom ei vending. Ho måtte gje han ekstra gode måltider for at han skulle koma til ho på kvelden.
Han var eine dagen full av kjærteikn og omsut.
Om kvelden låg ho å venta, men han kom ikkje.
Så kunne det vera ein dag han hadde skjelt ho ut , endåtil medan andre høyrde på. Men så kom han luskande i skumringa og ville inn. Som om alt var berre vel. Han sat utanfor døra hennar og terroriserte med banking og snakking; lat opp, lat meg inn .... pus pus ....
Sjarmøren var no meir interressert i systera. Han måtte vidare tykte han.
Den eldste ser det. Ho ser at blikket hans stadig fell på vetlesyster.
No ser ho han slik han er.
Don Juan er borte og slusken står att.
Ho fell saman og ligg som ein sveltekunstnar i senga si og nektar å stå opp.
Foreldra finn det best å senda jenta til onkel for ei tid.
Så er vegar og vindauger åpne.
Ulven luskar glad og lett omkring dotter nummer to. Han fylgjer ho til døra om kvelden. Ho ser han vandra mellom buksbom og roserabattar og vinkar frå tårnrommet.
Fyrst nokre dagar med pusing og kurring før det endrar karakter og Don Juan blir ein løve som jagar løvinnen avstad for å finna mat. Løven knurrar i krokane.
Han er tynn og lang og sint.
Jenta tilber dette monsteret og går på tå omkring. Den lystige jenta blir sur og nervøs utan at nokon forstår kva som skjer.
Kven kan vel tru at dette vinnande vesen av ein Don Juan er den som plukkar fjøra og ribbar yngstejenta for stolthet og glede. Dette prakteksemplaret av ein mann. Han bedårer alle gamle og halvgamle tanter. Han rapporterer til husfrua kvar dag om det som skjer omkring.
Han fortel med anna at dei andre på godset er slemme mot han. Dette tykkjer husfrua er svært leit. Ho har fleire gonger teke det opp på kveldsmøter.
Nokre har ho måtta senda heimatt. Mykje truleg var dei sjalu på ynglingen. Det er splittelse og splid mellom folk på godset. Unge som gamle er nervøse og det blir gjort lite.
Så ein dag kjem eit nytt menneske inn på plassen.
Ho smiler og ler og vinn alle. Don Juan er fortapt.
Ho heiter Carmensita og kastar sine auger på husbonden.
Så er det tid for jakt.

søndag 28. februar 2010
11 år
Dei to jentene skal bu på stølen åleina. Ei er myrk, langbeint og blyg. Ho teier om tankar og krøkjer nakken for å bli lågare. Ho er flatbrysta og.
Den andre er ljos, meir pågåande og eldre på mange måtar, bortsett frå i fornuft og alder. Ho er nesten eitt år yngre, men utstrålar ein erfaring som ikkje høyrer heima i ein så ung kropp.
Stølen er familieeige. Storebror til den myrke langbeinte jenta, har eit ærend på fjellet. Han køyrer traktor og dei får sitja på. Jentene har med seg suppeposar og gotteri for 2 dagar. Begge er yngst i familien. Det var difor ikkje vanskeleg å få lov. Begge foreldrepar tykkjer det er befriande å vera utan barn ei kort stund. Særleg mødrene tykkjer det er godt å vera åleina . Hadde desse mødrene og fedrene visst kva som kom til å henda på stølsturen, ville dei ha knuga døtrene sine inntil seg og sagt nei, til spørsmålet om lov å fara til fjells. Jentene reisste , og mødrene satte seg på verandaen med bok eller blad og kaffi. Fedrene var opptekne med arbeid. Me kan ikkje klandra desse. Dei har alle gjort eit arbeid med sine yngste barn i 11 år. Mødrene har bore dei fram, fødd dei og oppdratt dei. Fedrene har trøsta dei når dei slo seg på skinnleggen eller vart erta av venninder. Det er sommarsdagen, men regntungt. Traktoren har ei lita skuffe, plass til to jenter, sekker og ein hund. Hunden sit på fanget til den myrke, blyge. Bakkane er bratte og traktoren sig oppover. Turen tek omlag ein time. Vel framkomen, ser dei straks to gravemaskiner som arbeider på naboens hyttetomt. Ein mann i kvar maskin.
Storebror snakkar med dei, og dreg så for å gjera det han skal, antakeleg sjå etter nysleppte kyr, at alt er vel. Storebror er 7 år eldre og skal truleg på fest etterpå. Det er fredag. Hadde han vore eldre, hadde han kanskje sett faren som nærma seg. To jenter åleina og to menn på kvar sin gravemaskin , langt inne på fjellet. Her er ikkje fleire folk. Det kan sjølvsagt koma, men været er dårleg. Folk som hadde tenkt på ein stølstur, vil utsetja på grunn av været. Storebror kunne kanskje forstått, utifrå små men tydelege signaler. Då gravemaskinskarane kakka på døra og spurde om å få laga kaffi, var han enno ikkje reist. Dei to jentene kokte opp vatn til pulverkaffien. Ein av mennene spør om det finns pornoblader i dette huset. Jentene svarar litt forvirra , men lydig nei. Dei trur ikkje det finns ...
Storebror er på veg ut, han helsar farvel. Inni stølshuset er karane ferdig med kaffien. Dei seier dei vil arbeida litt til før dei tek helg. Jentene ryddar , og finn så ut at dei vil gå ein liten tur med hunden. Pan spring føre og så attende for å sjå til folkjet sitt, og spring føre att. Dei vil berre gå ein kort tur langs elva. Begge gler seg til fruktsuppa, som dei tenkjer å laga når dei kjem heimatt. Stølen har propan til matlagning, vedomn, og talgaljos og lykter. Ikkje innlagd vatn. Dei går langs elva oppover og Pan spring føre. Den vesle hunden vel brått å gå på ein tjukk stokk som er som ei bru. Under stokken brusar fossen. Han er fort over og jentene vil lokka han attende. Han forstår kva dei meinar, men han torer ikkje. Kanskje var stokken glatt ? Dei er no på kvar si side av ei frådande elv. Jentene lokkar og lokkar men det nyttar ikkje. Pan viser tydeleg at han ikkje vil.
Greit, då må me fara til han, seier den myrke og blyge, som eig hunden. Dei set seg overskrevs på stokken og akar seg framover. Hundeeigaren fyrst og hi etter. Så er dei over. Det var ikkje vanskeleg. Dei må no freista å finna ei skikkeleg bru for å koma seg heimatt. Den myrke og blyge kjenner området etter mange sommara saman med familien. Ho meinar at det skal vera ei bru lenger oppe. Dei fylgjer elva oppover.
Stien, som går til Fagnastøl, er lenger oppi liane, men fordi dei leitar etter bru, vert buskas og ormagras føretrekkt, for å lettare kunna sjå . Pan spring lukkeleg føre. Jentene går og går. Dei kjenner at svolten koma. Så ser dei brua, men ho er øydelagd og ligg halvt nedi elva som renn stor og brusande heile vegen. Det er tidleg sommar og snjosmelting i fjellet. Om seinsommaren kan ein hoppa på steinar over. Ikkje no.
Dei har gått i omlag ein time og skal måtta gå i fire timar til. Heilt til Fagnastøl. Der er det bru. Over med seg, og så er det langt heim, men heldigvis sti og nedoverbakke! Det er myrkt no, men augene har vent seg til det.
Kva om turen hadde vore på fem minutt som planlagt og ikkje fem timar ? Ville det skjedd noko frykteleg ? Ville dei kanskje blitt drept etter ugjerninga ? Og berre opplevd 11 år, og der var det slutt.
Dei er på stølen omkring midnatt, våte inntil skinnet og trøytte. Gravemaskinene er borte.

Smørbukk får tvillingsystre
Du skal snart få 2 systre Smørbukk. To på ein gong! Kva tykkjer du om det ? Det er far som spør. Smørbukk tykkjer det er ein dårleg ide. Ein hund vil vera meir anvendeleg. Jau, ein hund kan me kanskje få oss. Men no er no desse to på veg. Antan me vil eller ikkje. Smørbukk tykkjer ikkje om det. Far nemner at me kanskje kan gje dei bort. Me kan leggja dei i ei fin lita korg og setja dei utanfor kongens port. Smørbukk kviknar til.
Ved neste middagsbord, snakkar dei om tvillingane att, om korleis å bli kvitt dei på nokolunde menneskeleg vis. Når kongens tenara høyrer skrikene utanfor porten, kjem dei straks til å åpna for å sjå, seier far. Så vil småjentene bli presentert for kongen, og dei vil bli prinsesser. Akkurat som Moses, hevdar Smørbukk, som er 6 år og har lært litt bibelsoge. Men kva om ingen finn dei utanfor kongens port. Tenk om dei ligg der og svelt i hjel, eller blir tekne av tjuvar, spør far. Smørbukk et og drikk litt, og tenkjer. Far held fram med tankane om at nokon stjel dei, tek dei med seg i bilen sin, og så blir eg og du Smørbukk skuldige i forsvinninga. Kanskje me aldri ser dei att, me får aldri høyra om dei meir, og så får me skulda for at dei er borte, seier far. Me skriv eit brev, seier Smørbukk. Til kongen. Me legg brevet i korga der tvillingane ligg. Når tjuvane les brevet, så står det at kongen skal få barna. Så må tjuvane finna andre barn å stjela.
Middagen er over. Smørbukk har mykje å tenkja på. Han vart fødd for 6 år sidan med eit forundra smil om munnen. Høgt elska, møtte han verda med trillande latter. Men så etter omlag eitt år, kom veslebror. Smørbukk vart alvorleg og sur. Langsom, svært langsomt, kom smilehola attende i andlete hans. No er han atter betenkt. To småjenter skal koma og forstyrra livet hans. Han og far skal nok finna ut av det.
Ved neste middag er far heilt klar på at dei skal skriva eit langt brev til kongen og leggja ved. Og kanskje samstundes gje beskjed på eit eller anna vis, at det er ei gåva til kongen utanfor porten. Men me må ikkje skriva kven gåva er i frå, seier far. For då kan det vera at politiet bankar på og tek oss med til politistasjonen. Du også Smørbukk, me har jo planlagt dette saman. Smørbukk bleiknar. Kva gjere me då far ? Far forsyner seg med poteter og tenkjer. Då, seier far, reiser me til Island. Når politiet kakkar på døra, så hoppar me ut vindauga på den andre sida av huset. Vindauga i det hemmelege rommet er høveleg. Det går rett ut i hagen. Når mor slepper inn politiet, for det må ho, så er me på veg ut. Og så flyktar me til Island. Eg og du Smørbukk! Guten vert ivrig. Så slapp dei unna fengsel. Men, seier far, så må mor og veslebror koma etter. Eg vil ikkje til Island, seier mor. Far og son masar om at ho må koma etter til Island men mor er trassig. Det er for lite skog der, seier ho. Og me kan ikkje fara heimatt, seier far. Om me reiser heimatt, så må me i fengsel. Eg er glad i Island og det kjem du til å bli også, Smørbukk.
Men Island er ikkje glad, seier Smørbukk. Nei, men me har jo kvarandre. Og så kan me snakka med mor og veslebror i telefon.
Smørbukk er ikkje svolten meir.
Neste dag er Smørbukk ikkje glad. Det ser ut som han slit med noko. Far ausar oppi fiskesuppa til seg sjølv og sine to søner. Han spør den eldste kva som er i vegjen. Storebror Smørbukk har problem med å forklara seg. Han er ikkje heilt einig med seg sjølv. Han får fram eit spørsmål, om det ikkje er mogleg å behalda tvillingane likevel.
Far nikkar.
Det er mogleg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)