onsdag 2. mars 2011
tirsdag 7. september 2010
Hysteria
BabyJane parkerer bilen og går ut.
Ho skrevar over gjerdet og klatrar oppå ein stein.
Der nede ligg Skjervsfossen.
Vatnet går loddrett ned omlag seksti meter og endar i ein liten svart høl
før det fer vidare i rask fart til neste vannfall.
Statisktisk døyr det eitt menneske i denne fossen kvart tiande år.
Det er antan ein turist som er begeistra og går for langt utpå stupet saman med fotoapperatet sitt,
eller ein lokalkjend bilist som køyrer nedover dei bratte svingane ein vakker oktobermorgon. Nattefrosten ligg der usynleg medan bilen fer i stor fart på veg heim frå nattevaktsarbeidet på Voss.
Han vil gjerne fort heim, men endar i graven.
Ho set seg ned på steinen og ser utover dalen. Langt der nede ligg barndomsheimen. Mor bur der enno.
BabyJane var som jentunge ganske pen. Far tykte ho var svært pen.
Gutane slang omkring porten laurdagskveldane.
Ho var alltid den som slo opp og ville vidare.
BabyJane hadde ei bok der ho skreiv ned alle kjærestar og tidspunkt når dei vart saman og når det tok slutt. Boka var mest fullskriven.
Men det var ein mann ho aldri fekk.
Denne mannen har fått brev frå BabyJane i alle år.
Ho sender anonymt.
Ho klypper ut frå aviser og limer saman og sender det avgårde.
Innimellom dei innlimte artiklane, som alle omhandlar mord og mishandling, skriv ho små teikn som viser til hans familie. Kone, ekskoner og barn. I eit høve sende ho ein hårlokk og takka for sist.
Det anar ho at både brev og hårlokk har laga bråk.
Ingen veit om hennar løyndom.
Mannen bur på Voss, ikkje langt frå barndomsheimen. I det siste har ho sent fleire brev
til sambuaren hans.
”Det får då vera grenser for kva ein gift mann kan få lov å driva med. Nokon må seia frå !”
BabyJane var eingong gift med Noreg`s nest rikaste mann. Dei hadde nokre lukkelege veker og så sente ho skattevesenet på han. BabyJane svarte lydig på alle spørsmål og var til stor hjelp for politiet. Mannen sat tre år i fengsel. Så reiste ho frå han under rettsaka. Ho krevde mykje, og fekk det.
Resten tok staten.
For to dagar sidan falt BabyJane saman, ho låg på golvet og skreik.
Far var nettopp død. Ho tenkte på sine gamle vener og ringde rundt.
Ingen ville snakka med ho.
Det kan ha samanheng med husbrannen for litt sian. Ho lånte eit husværet. Ho skulle passa på heimen men var uheldig å gløyma ein trearma ljosastake av tre. Huset brant heilt ned, med hund og undulat.
Ho reiser seg, står på steinen att og ser utover dalen og fossen.
Så hoppar BabyJane.

lørdag 21. august 2010
torsdag 27. mai 2010
Hagehuset
Nadia bur i hagehuset nederst i hagen. Like ved hagehuset tronar porten til eigedomen, ein snirklete fransk smijenrsport som klagar kvar gong han vert opna. Takluka i det vesle huset er knust. Om få år vil huset vera plaga av fuktskadar om husets herre ikkje vaknar. Men no strålar det med duftande roser oppover veggen.
Det vesle huset er lånt bort til Nadia.
Nadia er tidlegare spion og tidlegare prostituert. Det hender ho har ein og anna kunde framleis, men ho taper gjerne i konkurranse med yngre jenter. Nadia greidde å bli gift to gonger.
Ho fekk eitt barn med den siste stakkaren. Han forsto for seint at ho var farleg og den flotte eigedomen i Normandie måtte seljast for å betala ho ut. Nadia beheldt barnet, men sendte etter kort tid jentungen til far.
Ho levde flott og brukte raskt opp pengane. Då eksmannen`s pengar tok slutt, vart kundane hennar trygge og faste inntekt. I tillegg tok ho oppdrag med oversetting mellom russisk, fransk og engelsk. Ho budde hjå vener og bekjente, skjeldan meir enn eit par månadar i gongen.
Isa er huseigar men kjenner ikkje Nadia`s historie.
Isa har mistanke på grunnlag av brev og samtalar, at det kan bli vanskeleg å få Nadia ut. Medan ho tenkjer på dette, ser ho ein katt frå kjøkkenvindauga. Ho såg denne katten for eit par dagar sidan og. Det er vel fordi eg ikkje har hund, tenkjer ho, at katten kjem hit. Dei fleste i nabolaget har hund. Mange omkring har fleire hundar og det er ikkje skjeldan ein ser hund med tre bein istaden for fire.
Seinare på dagen, i hagen med staffeli og malesaker, ser ho at pus har klatra opp i eit stort nåletre og ligg på ei grein.
Isa kom frå Canada til Frankriket, for berre eit halvt år sidan. Huskjøpet var komplisert, då det fylgde leigebuar med.
Nadia var søt, og Isa tenkte på fordelen ved å ha eit menneske omkring seg og som var kjent i området. Ho kunne kanskje hjelpa til med hagen og andre praktiske ting.
Nadia betalar ingenting. Isa vil heller ha tjenester.
Det viser seg snart at Nadia er for fin til det meste.
Kort etter, har dei ingen kontakt lenger. Neste veke skal Nadia ut av huset.
Det er dette Isa tenkjer på medan ho malar lysningen inni skogen og rosebusken ved den vesle dammen.
Det er gått fem dagar og katten ligg framleis i treet ! Isa ser at halen rører på seg. Om to dagar skal Nadia vera ute, og ho har ikkje byrja å pakka. Isa treffer ho utanfor porten. Nadia klagar over vanskar med å finna ein stad å bu.
Men du har jo hatt eit halvt år på å finna ein ny stad, argumenterer Isa og nemner sin ven frå Canada og hans to barn som snart kjem. Dei skal bu i hagehuset ...
Det verkar ikkje som om Nadia høyrer eller har interresse av dette.
Dagen etter, står Isa på same plass i hagen, med staffeli og malesaker. Ho ser mot treet. Katten ligg der. Brått dett katten! Rett ned, omlag seks meter , dunk ned i bakken.
Katten er halvdød. Isa hentar ei skål med melk til katten, som faktisk reiser seg. Hovudet heng ned mot bakken, i ein slintre. Han lepjar i seg melk. Han vil leva ! Men blodet renn sakte frå halsen. Seinare på dagen ser ho katten gå over tunet. Det droplar blod frå kreaturet.
Isa kakkar på døra til hagehuset og får med denne samtalen vita at Nadia ikkje tenkjer å flytta ut. Det kom ikkje overraskande. Isa har difor med seg tomkassar og tilbyr hjelp til flytting. Nadia grin og ber seg og grip ein stol og kjem truande. Isa vender om, ser nyklane som ligg på eit sylvfat ved utgangsdøra. Ho tek dei og går. Så ryngjer ho politiet, som er på porten tre gonger i løpet av kvelden. Til slutt kjem ambulansen og hentar Nadia. To sjukepleiara sit hjå ho ei stund før dei fører ho ut til ambulansen.
Nadia er eit forundarleg menneske.
Det verkar som ho ikkje har vener. Takk Gud for det forresten. Store sterke mannevener frå Russland er ikkje ynskjeleg akkurat no. Nei, ho har ikkje vener og det er forståeleg. Kvar gong Isa har vore hjå ho eller snakka med ho i telefon, har ho følt dødslengsel koma krypande. Det er noko sterkt deprimerande ved dette menneske.
Isa har aldri truffe eit så kjedeleg menneske før.
Ho forstår nok alvoret no når ho ikkje har nyklar lenger, er uynskt av huseigar og anmeldt til politi.
Dessutan, flyttar Isa ut det meste av sakene hennar denne natta. Bøker , kle og toalettsaker vert stappa i kassar og bært ut i bilen. Så køyrer ho dei 50 metrane bort til ein tom stall, der kassane blir stabla. Dama eig minst femti par sko og like mange vesker ! Isa arbeider til det er morgon. Så sløkkjer ho og låser og legg seg.
Utpå dagen vaknar ho langsamt til klassisk radio på lågt volum.
Katten vil så gjerne leva ! Hovudet heng, men beina går. Omkring på tunet, med blodspor etter seg.
Etter ein sterk kopp kaffe framfor staffeliet og bilete som er under arbeid, tek Isa bilen for å gjera innkjøp. Såper og reingjeringsutstyr til det nyerverva huset nederst i hagen. Utpå ettermiddagen låser ho seg inn i hagehuset. Vel innkomen , høyres stemmer. Står radioen på ? Er her folk ? Kjensla er der før vissa. Nadia er her. Ho føler det. Heile kroppen er i spenn.
Brått viser okkupanten seg. Ho snakkar i telefon.
Røysta hennar er vanleg og avbalansert og heilt annleis enn den hysteriske Nadia frå i går kveld.
”Eg vonar det er flytteselskapet du snakkar med”, seier Isa. ”Venen min frå Canada . ... ” Ho får ikkje sagt meir. Nadia fyk på ho. Her er det best å koma seg vekk. Isa flyktar ut av sitt eige hus og kjem seg inn i hovedhuset og låser alle dører. Etter ein halvtime i tenkeboks, kontaktar ho entrepenøren som har laga nytt kjøkken i huset hennar. Han lovar å koma på kvelden for å slå av vatn og elektrisitet i hagehuset. God gamaldags utrøykjing vil nok få forfengelige Nadia ut.
Entrepenøren kjem. Godt at alt er tilknytta hovedhuset! No er den frekke dama utan dusj, utan reint vatn i springen og kan ikkje vaska kle eller gå på do.
Isa spør om han kan gjere det av med katten, som ligg og forblør under ein rosebusk. Katten ligg på sida, blodet er framleis friskt. Han har ingen sjanse. Det er betre å ta frå han pina no straks. Entrepenøren er einig. Han har diverse redskaper i bilen sin og går for å henta det. Avlivningen er unnagjort på kort tid. Katten blir gravd ned.
Så er det berre å venta på russerinnens reaksjoner.
Men det er taust frå hagehuset i fleire dagar. Isa går omkring og lyttar, sjekkar post og held seg ved telefonen. Ho er forsiktig kvar gong ho går ut og sjekkar dører fleire gonger for dagen. Fire dagar etter, kjem Paul og hans to søner. Ho hentar dei på flyplassen. Enno er ikkje hagehuset fritt. Isa irriterar seg over dette, at ho må dela hus med sin ven når ho kunne ha dei buande i eit eige hus.
Men når ting ikkje går som tiltenkt, endrar haldningane seg. Ho tenkjer at Paul kan bli med ho til hagehuset for å sjekka tilstanden og kanskje få den frekke dama ut. Ho kjenner Paul frå kunstakademiet. Han arbeider med design, men malar framleis litt. Paul lever eit vanleg og , ifylgje han sjølv, eit litt kjedeleg liv, i Quebec i Canada. Historien omkring hagehuset, tykkjer han er spanande og han vil gjerne dit med ein gong.
Vel heime, set Isa på kaffi før dei ruslar ned til Nadia. Paul sine søner på sju og ti år er med, klar med nyinnkjøpt filmkamera. Dei førebur seg på ein krimfilm. Isa kakkar på. Ingen opnar. Så er det fram med nyklar og låsa seg inn, kjenna den same uhyggen som sist gong. Men no er det ingen lydar. Paul går inn fyrst. Det luktar innestengt. Ingen i stova, dei kakkar på soverommet, ingen svarar.
Paul går inn i soverommet, gutane tett etter med filmkamera som durar og går.
Nadia ligg i senga si.
Ho er død.

søndag 25. april 2010
lørdag 24. april 2010
Don Juan
Don Juan er ikkje vakker.
Eg var over 40 år då eg gjorde denne oppdaginga.
Don Juan kom svingande inn porten med store krav og svær appetitt.
Han fornærma vertsskapet straks. Deretter tok han for seg av husets døtre.
I skjul.
Han var pågåande og lo mykje og av det meste. Døtrene vart smigra.
Dei lagde mat til han, tok han med omkring og viste han godset og barokkhagen.
Og så dei gamle, innhulte trea som ein kunne bli borte i for ei kort stund. Don Juan kvitterte med smiger og underhaldning. Han klødde dei på ryggen, roste arbeidet deira og fylgde til døra om kvelden.
Han såg seg ut den eldste.
Don Juan var varsam og gjekk ikkje for langt. Ikkje før han forsto at ho hang på kroken. Så tok han for seg. Den eldste var fortapt i den uskjønne og dyriske Don Juan, som ho serverte frukost, lunsj og middag. Han gjekk omkring i bar overkropp. Han kunne vinka ho til seg og ho var der på ein augneblink.
Etter kort tid kom ei vending. Ho måtte gje han ekstra gode måltider for at han skulle koma til ho på kvelden.
Han var eine dagen full av kjærteikn og omsut.
Om kvelden låg ho å venta, men han kom ikkje.
Så kunne det vera ein dag han hadde skjelt ho ut , endåtil medan andre høyrde på. Men så kom han luskande i skumringa og ville inn. Som om alt var berre vel. Han sat utanfor døra hennar og terroriserte med banking og snakking; lat opp, lat meg inn .... pus pus ....
Sjarmøren var no meir interressert i systera. Han måtte vidare tykte han.
Den eldste ser det. Ho ser at blikket hans stadig fell på vetlesyster.
No ser ho han slik han er.
Don Juan er borte og slusken står att.
Ho fell saman og ligg som ein sveltekunstnar i senga si og nektar å stå opp.
Foreldra finn det best å senda jenta til onkel for ei tid.
Så er vegar og vindauger åpne.
Ulven luskar glad og lett omkring dotter nummer to. Han fylgjer ho til døra om kvelden. Ho ser han vandra mellom buksbom og roserabattar og vinkar frå tårnrommet.
Fyrst nokre dagar med pusing og kurring før det endrar karakter og Don Juan blir ein løve som jagar løvinnen avstad for å finna mat. Løven knurrar i krokane.
Han er tynn og lang og sint.
Jenta tilber dette monsteret og går på tå omkring. Den lystige jenta blir sur og nervøs utan at nokon forstår kva som skjer.
Kven kan vel tru at dette vinnande vesen av ein Don Juan er den som plukkar fjøra og ribbar yngstejenta for stolthet og glede. Dette prakteksemplaret av ein mann. Han bedårer alle gamle og halvgamle tanter. Han rapporterer til husfrua kvar dag om det som skjer omkring.
Han fortel med anna at dei andre på godset er slemme mot han. Dette tykkjer husfrua er svært leit. Ho har fleire gonger teke det opp på kveldsmøter.
Nokre har ho måtta senda heimatt. Mykje truleg var dei sjalu på ynglingen. Det er splittelse og splid mellom folk på godset. Unge som gamle er nervøse og det blir gjort lite.
Så ein dag kjem eit nytt menneske inn på plassen.
Ho smiler og ler og vinn alle. Don Juan er fortapt.
Ho heiter Carmensita og kastar sine auger på husbonden.
Så er det tid for jakt.

Abonner på:
Innlegg (Atom)