tirsdag 7. september 2010

Hysteria

BabyJane parkerer bilen og går ut.
Ho skrevar over gjerdet og klatrar oppå ein stein.
Der nede ligg Skjervsfossen.
Vatnet går loddrett ned omlag seksti meter og endar i ein liten svart høl
før det fer vidare i rask fart til neste vannfall.
Statisktisk døyr det eitt menneske i denne fossen kvart tiande år.
Det er antan ein turist som er begeistra og går for langt utpå stupet saman med fotoapperatet sitt,
eller ein lokalkjend bilist som køyrer nedover dei bratte svingane ein vakker oktobermorgon. Nattefrosten ligg der usynleg medan bilen fer i stor fart på veg heim frå nattevaktsarbeidet på Voss.
Han vil gjerne fort heim, men endar i graven.
Ho set seg ned på steinen og ser utover dalen. Langt der nede ligg barndomsheimen. Mor bur der enno.
BabyJane var som jentunge ganske pen. Far tykte ho var svært pen.
Gutane slang omkring porten laurdagskveldane.
Ho var alltid den som slo opp og ville vidare.
BabyJane hadde ei bok der ho skreiv ned alle kjærestar og tidspunkt når dei vart saman og når det tok slutt. Boka var mest fullskriven.
Men det var ein mann ho aldri fekk.
Denne mannen har fått brev frå BabyJane i alle år.
Ho sender anonymt.
Ho klypper ut frå aviser og limer saman og sender det avgårde.
Innimellom dei innlimte artiklane, som alle omhandlar mord og mishandling, skriv ho små teikn som viser til hans familie. Kone, ekskoner og barn. I eit høve sende ho ein hårlokk og takka for sist.
Det anar ho at både brev og hårlokk har laga bråk.
Ingen veit om hennar løyndom.
Mannen bur på Voss, ikkje langt frå barndomsheimen. I det siste har ho sent fleire brev
til sambuaren hans.
”Det får då vera grenser for kva ein gift mann kan få lov å driva med. Nokon må seia frå !”
BabyJane var eingong gift med Noreg`s nest rikaste mann. Dei hadde nokre lukkelege veker og så sente ho skattevesenet på han. BabyJane svarte lydig på alle spørsmål og var til stor hjelp for politiet. Mannen sat tre år i fengsel. Så reiste ho frå han under rettsaka. Ho krevde mykje, og fekk det.
Resten tok staten.
For to dagar sidan falt BabyJane saman, ho låg på golvet og skreik.
Far var nettopp død. Ho tenkte på sine gamle vener og ringde rundt.
Ingen ville snakka med ho.
Det kan ha samanheng med husbrannen for litt sian. Ho lånte eit husværet. Ho skulle passa på heimen men var uheldig å gløyma ein trearma ljosastake av tre. Huset brant heilt ned, med hund og undulat.
Ho reiser seg, står på steinen att og ser utover dalen og fossen.
Så hoppar BabyJane.